3.–6. november 2026
3.–6. november 2026 · Tysnes

FRAMTIDSVEKATYSNES 2040

Ei veke i november der heile Tysnes ser framover — saman.

—dagar att
Sjå programmet for 3.–6. november. Berre konferansen fredag krev påmelding.
Ein felles satsing frå
Haugesund SparebankTysnes Kraftlag ASTysnes kommuneSparebankstiftinga Tysnes
Programmet for Tysnes2040

Fire dagar, heile kommunen

Utdanning og jobb, kunstig intelligens i praksis, lagsliv og unge oppfinnarar – før heile øya samlast til avslutningskonferansen Tysnes 2040. Trykk på arrangementa for program og praktisk informasjon.

Det er inga påmelding til yrkesmessa, KI-dagen, lagsdagen eller for publikum på FIRST LEGO League. Konferansen Tysnes 2040 fredag 6. november er gratis, men krev påmelding. Meld deg på her.

Folk

Føredragshaldarar

Siste

Nyheiter

Sjå det oppdaterte programmet for Tysnes2040

3.–6. november samlast Tysnes om utdanning og jobb, kunstig intelligens, lagsliv og framtida vår. No finn du program og praktisk informasjon ved å trykkje på arrangementa i programoversikta på framsida. Tysdag er det yrkesmesse i Tysneshallen. Onsdag kan du velje mellom KI-dagen på Alsaker Brygge og lagsdagen i Grendatun. Torsdag møtest unge oppfinnarar til FIRST LEGO League i Tysneshallen. Fredag 6. november frå kl. 16.30 avsluttar vi veka med Tysnes 2040 i Tysneshallen. Aksel Lund Svindal og Sylfest Lomheim kjem, og kvelden byr på tre-rettars middag, kultur og fellesskap. Konferansen fredag er gratis, men krev påmelding: https://www.tysnes2040.no/pamelding Det er inga påmelding til dei andre arrangementa. Kom og ver med når Tysnes ser framover – saman!

Før du kjem

Praktisk info

Påmelding og billettar

Berre konferansen Tysnes 2040 fredag 6. november krev påmelding. Konferansen er gratis for alle. Det er inga påmelding til dei andre arrangementa i Framtidsveka.

Meld deg på →

Kontakt

Øystein Vaage · oystein@kulturkontoret.as

Send e-post →

Mat og servering

Lagsdagen onsdag: Gratis middag i Grendatun kl. 15.00–16.00. FIRST LEGO League torsdag: Kiosk med mat og drikke i Tysneshallen. Ta gjerne med niste og drikkeflaske. Konferansen fredag: Tre-rettars middag kl. 19.30. Konferansen er gratis, men krev påmelding.

Framtidsstemmer

Kva ønskjer du for Tysnes?

Éi setning. Eitt ønske. Di stemme vert ein del av Tysnes si framtidsforteljing.

Heilt anonymt — ingen namn eller alder. Teksten blir sendt til Anthropic for automatisk moderering, og vi lagrar ingen personopplysningar. Stemmer KI-sjekken er usikker på, blir lesne av ein redaktør før dei vert viste.

64stemmer svever i Tysnes si framtid

“at me alle ser verdien av og vernar om den unike naturen og naturmangfaldet på Tysnes

“…at Tysnes skal ha lært å sjå alle bygdene som eitt samfunn utan å kjempe berre for si eiga bygd., ikkje motarbeide.

“Nærmere avstand takket være nye veier og bedre kommunikasjon mellom offentlige tjenester.

“Eg ønskjer at Tysnes i 2040 skal vera ein inkluderande plass der folk trives og har det trygt og godt!

“Åpenheit og aksept. Me har alle ulike styrker, og saman kan me løfte fjell.

“at dei siste bygdetrolla er vekke, og at alle tysnesingar kan kjempa for Tysnes sitt beste, og ikkje berre for eiga bygd

“Hordfast er realisert, ny symjehal er bygd og Tysnesingane står samla for å utnytta heile potensialet til Tysnes.

“Ønskjer alle nye innbyggjarar velkomne med eigen vertskap og informasjon.

“Hordfast ferdig, forlengst.

“At vi samarbeider i staden for å motarbeide kvarandre

“At Tysnesingar er rause og inkluderande, uavhengig av etnisitet, politisk ståstad, eller bygdetilhøyrsle.

“Svømmehall for framtida

“At det skal blir slutt på jantelova som rammer spes tilflyttere som ønsker å meine eller bidra med noko nytt

“Rehabiliterings/ varmtvannsbasseng sånn at vi revmatikere slipper å reise så langt for behandling for å fungere.

“Jeg ønsker at vi får en svømmehall med varmtvannsbasseng på Tysnes

“I 2040 svinner håpet om Hordfast mens Tysnes fortsatt strever med å stå på egne bein

“Gang og sykkelveg mellom Våge-Uggdal!

“Eg ønskjer at TYsnes i 2040 er tilknytta E39. På den måten verta attraktiv for tilflyttara slik at me aukar folketalet

“Ingen mellom bygdene

“Slutt på krig mellom

“Kva skal få folk til å velja Tysnes? Me må utvikla attraktive bygder og gode lokalsamfunn, med eller utan Hordfast.

“eg ønsker også att Tysnes skal ha 1-10 skule på Tysnes med basseng

“eg ønsker att vi skal ha dyrlege på Tysnes

“At vi har fått bro til Stord og Os (E39) og at kommunen er slått sammen med kommuner i Sunnhordland